Trykk på biletet for logoen for Art Without Limits og du kan lese om og sjå maleri frå COMENIUS/EU-prosjektet til 9.klasse
Nyhende
FELLES FORELDREMØTE FOR HEILE SKULEN
Torsdag 2. september kl. 1900 vert det i samarbeid med FAU,avvikla felles foreldremøte for heile skulen. Fagleg tema er "Sjenanse - dei sjenerte elevane på godt og vondt!" Føredrag av Kirsten Flaten frå BUP-Førde/Høgskulen i Sogn og Fj. Sjå utsendt program for kvelden.
UNGDOMSSTEGET TIL TOPPS PÅ RAUDMELEN
Det vart ein tøff skulestart for ungdomssteget som andre skuledagen sette kursen mot Raudmelen. Mange elevar tok turen til topps og gjekk vidare over Kalbakk. Andre tok turen over Buråsi og til Fjærestadstølen. Ein svært sprek og motivert gjeng ungdommar - saman med spreke lærarar og assistentar.
LEKSEHJELP FOR 1. - 4.KLASSE
1.og 2.kL.Måndag 1215 - 1315 og onsdag 1215 - 1315 - 18 elevar er påmelde.
3.og 4.kl.Måndag 1300 - 1400 og onsdag 1215 - 1315 - 8 elevar er påmelde.
VELKOMMEN TIL NYTT SKULEÅR
Måndag 16. august kl.0830 ynskjer me alle velkommen til nytt skuleår Flagget går til topps og 12 nye førsteklassingar skal ha sin første skuledag.
FANTASTISK EKSAMENSRESULTAT I 10.KLASSE
10.klasse var oppe i engelsk skriftleg til eksamen. Sensuren syner at snittet i klassen vart 4,9.
10 elevar oppnådde topp-karakteren 6. Skulen er svært stolte over elevane og faglærar sin innsats.